Negarden på Linge

Bjørn Inge og familien driv Negarden på Linge i Valldal, Møre og Romsdal. Garden og grenda har historie langt attende. Fjorden ga det første grunnlaget for busetjing brukt som den var både til ferdsel og matauk. Seinare fann dei grunnlag i morenejorda godt grunnlag for både husdyrnæring og etterkvart hagebruk og dyrking av frukt og bær. Landskapet hellar sørvendt ned mot Storfjorden der kombinasjonen av sol og jordkvalitet gjev bortimot ideelle veksttilhøve for frukt og bær.

Vi har drive økologisk sidan 1987 og er godkjende av Debio. Vi dyrkar eple, plomme, pære, morell, surkirsebær og aprikos. Om hausten pressar og pasteuriserar vi eplemost.

Frukt og bær

Nyplukka økologisk frukt og bær

Epler

Discovery, Aroma, Raud Aroma og Silkeeple

Pærer

Dobbel Philip og Celina

Plommer

Edda, Opal, Mallard, Reeves, Victoria og Althans

Moreller

Kristin og Lapins

Aprikos

Orange Red

Surkirsebær

Fanal

Fjord Eplemost

Dyrka, handplukka og pressa på Negarden

fjord-eplemost-medium

MOST

Økologsk eple- og pæremost

SIDER

Økologisk pæresider 4,7 vol %

SYLTE

Økologisk plommesylte